Kommunelegen i Vågå kommune fatta 31.03.2020 vedtak etter Smittevernvlovens § 4-1 om å stenge felles sanitæranlegg på campingplassar og overnattingsstader i Vågå kommune.
Slik situasjonen er per i dag, med større bevissthet i befolkninga rundt smittervern og at ein ikkje forventar store tilstrøymingar av folk frå andre delar av landet, finn eg det forsvarleg å oppheve denne stenginga frå torsdag 16. april 2020.
Eg håpar bevisstheten rundt smittervern blir oppretthalde, med ekstra god hygiene i desse romma, samt bevissthet rundt handvask, spriting og avstand mellom menneske.
Med helsing
Dag Gulleik Riksaasen
Kommunelege