Oppfriskingsdose koronavaksine - OPPDATERT 24.11

Vågå kommune gir tilbod om ei 4. oppfriskingsdose for aldersgruppa 18-64 utan underliggande sjukdom.

Oppdatering 24.11.22

Vågå kommune tilbyr  4. oppfriskningsdose i aldersgruppa 18-64 år utan underliggjande sjukdom

Tid: 15. desember kl 16.30 - 18.30

Stad: Helsesenteret

NB! Det er ingen som får innkalling denne gongen. Dei som allereie har meldt si interesse møter opp den 15. desember på oppgjeve tidspunkt. Andre som ønskjer vaksine treng ikkje lenger varsle frå til helsesenteret. Berre møt opp.

Velkomen!

 

Tilbod om å ta ny oppfriskningsdose gjeld også om du nyleg har gjennomgått koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil gje deg god beskyttelse den første tida etter at du har vore sjuk. Du kan avvente i 3-4 månader før du vaksinerar med ny dose.

Anbefalt intervall sidan forrige vaksinedose bør vere minimum 4 månader.

Det er mogleg å ta vanleg influensavaksine samtidig med ei oppfriskningsdose med koronavaksine.

Det blir ikkje vaksinering i veke 51 og 52.