Oppdatert vaksinasjonsstatus veke 28 (trykk på tittelen for meir informasjon)

Vaksineringsstatus:

Antal doser satt totalt

2 955

Tal personar med minst 1 dose

1 759

Tal fullvaksinerte

1 196

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: 102 doser

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Gruppe 9 (45-54 år) og gruppe med 2. dose

Plan for vaksinasjon onsdag i veke 30 (ingen vaksinasjon i veke 29)

564 doser gruppe 9 (45-54 år) og gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år).

 

Antall vaksinedoser vi får kan bli justert, men alle dosane vil bli brukt på dei oppsette dagane. Planane vi har lagt er difor baset på prognosar frå FHI. Vi  planlegg for vaksinering annakvar veke, i veker med partal. Døkk som har fått dato for 2. dose, forheld døkk til den datoen uansett veketal. Døkk som får tilbod om vaksine vil få ein SMS med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette.  Ferie er ikkje god nok grunn til å utsette vaksineringa. Da vil du kome lenger bak i køen. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.

Det er 12 ukers intervall mellom 1. og 2. dose.  For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.

Er du ungdom og skal studere i utlandet treng du kanskje å bli fullvaksinert før studiet starter. Nokre land krev dette. Ta kontakt med helsesenteret.

Koronavaksinasjonen vil foregå på Vågåhallen, onsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Er du født 1976 eller tidlegare og ikkje motteke innkalling eller tilbod om vaksinering så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine. Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms. Så er du i gruppa 9 (45-54 år) eller gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år), følg med på telefonen din.

Frå veke 26 vaksinere vi alle som skal ha 1. dose annakvar veke.

Info ang.  koronasertifikat:

Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil  utviklast trinnvis.

Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/