Oppdatert vaksinasjonsstatus 08.07.2021(trykk på tittelen for meir informasjon)

Vaksineringsstatus:

Antal doser satt totalt

2 852

Tal personar med minst 1 dose

1 697

Tal fullvaksinerte

1 155

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: 119 doser

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

2. doser

Plan for vaksinasjon  veke 28

102 doser, 2.dose + gruppe 9

 

Antall vaksinedoser vi får veit vi ikkje før ei veke før. Vi vil vaksinere i heile sommer. Vi har fått ei foreløpig oversikt over vaksinedoser vi får i sommer, men får samtidig beskjed om at dette kan endre seg. Vi  planlegg for vaksinering annakvar veke, i veker med partal. Døkk som har fått dato for 2. dose, forheld døkk til den datoen uansett veketal. Døkk som får tilbod om vaksine vil få ein SMS med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette.  Ferie er ikkje god nok grunn til å utsette vaksineringa. Da vil du kome lenger bak i køen. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.

Det er 12 ukers intervall mellom 1. og 2. dose.  For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.

Er du ungdom og skal studere i utlandet treng du kanskje å bli fullvaksinert før studiet starter. Nokre land krev dette. Ta kontakt med helsesenteret. 

 

 

 

 

 

Koronavaksinasjonen vil foregå på Vågåhallen, onsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Er du født 1970 eller tidlegare og ikkje motteke tilbod om vaksinering så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine.  Personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper vil bli prioritert. 

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms. Så er du i gruppa 9   (45-54 år). Følg med på telefonen din.

Frå veke 26 vaksinere vi alle som skal ha 1. dose annakvar veke.

Info ang.  koronasertifikat:

Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil  utviklast trinnvis.

Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/