Oppdatering frå møte i kriseleiinga tysdag 08.08.23 kl. 09.00

Situasjonen er under kontroll så langt, men det er store nedbørsmengder i vente så kommunen er framleis i beredskap. I tillegg til at teknisk etat følgjer med, har vi har leigd inn bistand slik at vi kan overvake elver og bekkar og ras utsette områder.

Vi oppfordrar framleis innbyggjarane til å ta kontakt dersom dei ser noko kriseleiing treng å kjenne til.