Oppdatering Ekstremværet "HANS" 08.08.2023 kl. 18.15

Ekstremværet "HANS" herjar med oss og det skjer mykje med vatn og veg. Vis omtanke og ta vare på dei som bur rundt deg, spesielt eldre og einslege.

Vi held heimesida oppdatert under denne artikkelen utover kvelden. 

Tessemagasinet kjem til å gå over dammen i løpet av kvelden. Det vil derfor kome mykje større mengder vatn i Tessfaret enn nå. Vågå kommune evakuerer 8 utsette hustandar til Tessandskulen i løpet av kvelden.

Vi ber innbyggjarane om ikkje å oppsøkje rasområder da det kan føre med seg skade på person og hindre redningsarbeid. Privat droneflyging kan skape store utfordringar for den kommunale droneberedskapen og helikopterflyging. 

VEG:

RV15 er stengt mellom Vågåmo og Tessand på grunn av ras.

Byrbergtunellen (RV15 mellom Lom og Vågå) er stengt av Statens vegvesen på grunn av mykje vatn og rasfare. 

Fylkesveg Skogbygdsvegen er mellombels stengt i eitt felt grunna vatn/ras, vegen er stengt ca. 600 m frå krysset ved Villa Vågå Hotell. 

Sætavegen er stengt ved brua nedanfor Øygarden grunna vatn i vegen. 

Det har vore ras på Fylkesveg Sjårdalen, ved Skottlien. Mogleg omkøyring om Kveom.