Ope møte om Jotunheimen vidaregåande skule

Onsdag kveld 22. januar inviterer gruppa til eit ope informasjonsmøte i Utgard i Lom.
Temaet er den varige skulen – Jotunheimen vidaregåande skule, og den mellombelse skulen – Jotunheimen privatistskule.

– Vi håpar på stort oppmøte og engasjement frå både Vågå, Lom og Skjåk, fortel leiar i Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet (TAFI), Hanna Flækøy Skjåkødegård i ei pressemelding.

Dette blir det tredje informasjonsmøtet TAFI arrangerer saman med styringsgruppa frå dei tre kommunane – Vågå, Lom og Skjåk.
– Vi meiner alle som ynskjer det skal få moglegheit til å få vite meir om planane, status i arbeidet, få stille spørsmål og koma med innspel i dette utruleg spennande arbeidet med å utvikle eit sterkt utdanningstilbod for ungdomen vår, seier Skjåkødegård.
 

Tid og stad:
📅 Dato: Onsdag 22. januar 2025
⏰ Tid: 18:00–19:30
📍 Stad: Utgard i Lom (kultursalen)


Ein skule med lokalt fokus og framtidsretta moglegheiter
TAFI arbeider med å utvikle ein skule som byggjer på sterke verdiar, fagleg kvalitet og nærleik til lokalsamfunnet. Sterkt inspirert av dagens skule, kvalitetar og lærarkrefter.
– Møtet er ei viktig milepæl for oss. Vi ser fram til å endeleg dele meir om våre planar og visjonar med lokalsamfunnet.
Vi ynskjer å inkludere så mange som mogleg i prosessen og høyre deira tankar.
Vi formar eit nytt kapittel, og vi gjer det saman, avsluttar Hanna.
Varmt velkomen.
Dersom du ikkje har høve til å stille fysisk på informasjonsmøtet i Utgard neste veke, kan du fylgje heile møtet på Fjuken-TV. Etter avtale med arrangøren strøymer dei heile møtet.

For spørsmål eller meir informasjon, vennligst kontakt:
Hanna Flækøy Skjåkødegård
[Leiar TAFI og styringsgruppa]
Om TAFI:
TAFI jobbar for å etablere ein privatskule som kombinerer kvalitet, nærleik til lokalmiljøet og moglegheiter for framtida. Målet er å skape eit utdanningstilbod som inspirerer og engasjerer elevar både regionalt og nasjonalt – med internasjonale ambisjonar på sikt.