Nye fagarbeidarar i IKT-faga

Vi gratulerer Oda Skogstad og Cato René Endrestad med fagbrev!

Oda og Cato har vore med oss eit par år no. Dei byrja på skulekontoret, men vart med da IKT-avdelinga vart samla på kommunehuset i 2021. I februar hadde Oda fagprøve i IKT Servicefaget, som ho besto. Siste veka var det Cato sin tur i Dataelektronikarfaget. Han sto og. Begge med god margin. Gratulerer med det!

Cato og Oda er nok godt kjende i organisasjonen etter kvart, og eg trur eg har alle med meg i at dei blir sakna når dei no er ferdige!

Fagprøvene i IKT-faga er ikkje berre lette. Gjennom 5 dagar må kandidaten planleggje, budsjettere, utføre og evaluere eit eller fleire konkrete oppdrag. Tidlegare har vi laga fiktive oppdrag, men denne gongen vart dei sett til faktiske oppgåver, som dei har løyst på  ein god møte.

Vi gratulerer med fagprøvene, og ønskjer Cato og Oda lykke til vidare i arbeidslivet!