Ny nattsending med Radinull4

Ungdomsredaksjonen Radinull4 dreg i gang ny nattsending på lokalradioen laurdag 24. februar kl 20.00. Sendinga varer fram til midnatt.

Frå programmet nemnar dei m.a.:

  • Pubertet med Line
  • UP med nye, spennande tema
  • "Skravlehjørna" - ein ny serie der dei pratar om alle moglege tema
  • Nyheiter, mattips og konkurransar med nye, fine premiar
  • Mange spennande intervju

Det er og mogleg å ta ein kikk i kulissane medan dei arbeider. Du kan følgje dei på facebook, instragram og snapchat. Brukarnamn er radinull4 på alle plattformane. Du kan også kontakte dei og kome med ønskje om tema dei skal ta opp. Til dette kan du også bruke epost - radinullfire@gmail.com

Radinull4 sendar på FM-nettet, og du finn dei på 105,6 eller 102,9 eller 104,5, alt etter kor du er. Dei sender over heile Ottadalen.