Nasjonale råd og anbefalingar - Covid-19 oppdatering 12.02.2022

Regjeringa fjernar alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Endringane gjeld frå laurdag 12. februar kl. 10.00.

Sjå nærmare her.

Dette er nokre av dei viktigaste endringane:

  • Krav og anbefaling om å holde ein meters avstand blir oppheva
  • Krav om bruk av munnbind blir oppheva
  • Berre vaksne som har symptom er anbefalt å teste seg.
  • Krav til isolasjon blir oppheva og erstatta med ei anbefaling om at smitta vaksne held seg heime i fire døgn. Denne anbefalinga blir vurdert fortløpande og kan bli endre innan få veker.
  • Barnehagebarn og skuleelevar blir anbefalt å halde seg heime når dei er sjuke, men kan gå i barnehagen og på skulen så lenge dei har vært feberfrie i 24 timer. Barn og skuleelevar treng ikkje teste seg sjølv om dei har symptom.
  • Innreisekrava om plikt til registrering og negativ test før ankomst bli oppheva.