Nasjonal villreinkonferanse 2026

Velkomen til Nasjonal villreinkonferanse 2026! Konferansen er open for alle som har interesse for rein – både den tamme og den ville.

Stad: Thon Partner Hotel Otta, Ola Dahls gate 7
Dato: Onsdag 4. mars 2026
Pris: Kr 750 (inkl. lunsj)
Påmelding: Hoopla

Årets tema er «Villrein og vekst – samspel mellom natur og næring». Gjennom dagen set vi søkelys på ulike perspektiv og utfordringar for villreinen – og for samfunnet rundt. Korleis sikrar vi god forvalting av fjellressursane, til beste for menneske, næringsliv og natur? Kan vi einast om ein felles veg vidare?

 

Dagen blir til med bidrag frå ei rekkje meiningssterke og kunnskapsrike røyster frå forvalting, miljøvern, forsking og reiseliv. Det blir samtale og foredrag, debatt og deling av erfaring og innsikt. Konferansen er ein naturleg møtestad for alle som er opptekne av villrein og fjellforvalting.

PROGRAM

Kl. 08.30–09.00

Kaffi, registrering og småprat

Kl. 09.00–09.30 – Velkomen

• Opning ved Eldri Siem, ordførar i Sel kommune
• Helsingsord frå klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

TEMA 1 // ER DET EI FRAMTID FOR REINEN?

Kl. 09.30–10.15

Reinen har i meir enn 500 000 år vore avgjerande for menneske si overleving. I dag trugar eit varmare klima og tap av leveområde artens framtid.
Foredrag ved: Reidar Andersen, biolog og tidlegare direktør i Statens naturoppsyn og NTNU Vitskapsmuseet.

Kl. 10.15–10.45

Auka menneskeleg aktivitet påverkar villreinens leveområde. Er det risiko for at reinen forsvinn?
Foredrag ved: Vegard Gundersen, seniorforskar i NINA.

Kl. 10.45–11.00

Beinstrekk

Kl. 11.00–11.30

Trass i aukande engasjement for naturvern held naturtapet fram. Engasjerer vi oss for lite? Er det behov for sterkare verkemiddel?
Foredrag ved: Marit Beate Kasin, journalist og sakprosaforfattar.

Kl. 11.30–12.00

Prisutdeling: Reinrosa-prisen blir delt ut for første gong av foreininga Bevar villreinen i Rondane, i samarbeid med Nasjonal villreinkonferanse.

Kl. 12.00–13.00

Lunsj

TEMA 2 // KOMMUNIKASJON OG NY BODSKAP

Kl. 13.00–13.30

Formidling av sårbar natur i sosiale medium – korleis påverkar det ferdsel i fjellet?
Foredrag ved: Stian Opsahl (Stian på stien), filmskapar, friluftsmann og influensar.

Kl. 13.30–14.15 – Sofasamtale

Korleis kan ord, bilete og marknadsføring bidra både til verdiskaping og vern?
I sofaen:

  • Martin Amble Ruge, filmmakar, Dovre
  • Stian Opsahl, Stian på stien
  • Sten Hansson, reiselivsdirektør i Rada Reiseliv
  • Cecilie Asp, vert på Formoseter, Høvringen
    Ordstyrar: Knut Aastad Bråten

Kl. 14.15–14.30

Beinstrekk

TEMA 3 // BALANSEGANG OG NASJONALT ANSVAR

Kl. 14.30–15.00

Korleis skal vi bruke fjellressursane framover når menneskeleg aktivitet påverkar reinen?
Foredrag ved: Arne Brimi, kokk og formidlar av norsk matkultur.

Kl. 15.00–15.30

Berekraftig besøksforvaltning i og rundt verneområde – korleis få betre dialog og færre konfliktar?
Foredrag ved: Hanne Lykkja, besøksforvaltar i Hemsedal kommune.

Kl. 15.30–16.15 – Sofasamtale

Ny bruk av fjell og utmark – korleis utvikle opplevingar utan å miste det som gjer fjellet verdifullt?
I sofaen:

  • Jan Helge Nordby, regionssjef i Statskog
  • Henning Hoff Wikborg, DNT Oslo og omegn
  • Torbjørn Kvien Madsen, iNatur
    Ordstyrar: Knut Aastad Bråten

Kl. 16.15–16.30

Avslutning: Allemannsretten – står han for fall?
Innlegg ved: Geir Arne Hageland, dagleg leiar i Funkibator.

Kl. 16.30

Takk for i dag – og vel heim!

Påmelding, pris og praktisk informasjon

Stad: Thon Partner Hotel Otta
Dato: Onsdag 4. mars 2026
Målgruppe: Alle interesserte i rein, fjell, bevaring og utvikling
Pris: Kr 750 (inkl. lunsj)
Påmelding: Nasjonal villreinkonferanse 2026 - 04.03.2026 | Gudbrandsdalsmusea | Kjøp billetter | Hoopla
Påmeldingsfrist: 25. februar
Overnatting: Thon Partner Hotel Otta – tlf. 61 21 08 00
Arrangør: Villreinarven