Misbruk av søppelcontainere kan gi dyrare renovasjonsordning

Vågå kommune har nokre containarar ståande rundt i bygda, til bruk for hushaldningsavfall frå hytte- og seterbrukarar. Vi opplever stadig at desse tømepunkta blir misbrukt og at det ofte ser ut som på biletet eller verre. Det er ikkje eit triveleg syn for nokon.

Spesielt ille er det ved tømepunkta ved Sandranden og Sundbrua.

Dyrare renovasjonsordning

Vågå kommune vil gjere merksam på at det at nokre personar velger å kvitte seg med avfallet sitt på denne måten, vil kunne gi utslag på renovasjonsrekninga for samtlige abonnentar, då det medfører betydelege kostnader å skulle rydde opp att rundt desse punkta.

I og med at renovasjonsordninga er basert på sjølvkostprinsippet, dvs avgifta for abonnentar skal dekkje den faktiske kostnaden, kan dette snuast på hovudet. Om alle kvittar seg med avfallet sitt på lovleg vis, kan det i staden medføre reduserte kostnader.

Bruk miljøstasjonen

Miljøstasjonen er eit glimrande alternativ, som tek imot alle typar avfall.