Masterplan Vågåmo - presentasjon med forslag til tiltak

Vågå kommune starta i 2021 arbeidet med ein masterplan for Vågåmo. Fase 1 (kartlegging) og fase 2 (involvering) er nå gjennomført. Vi står att med ei lang liste av gode og spenstige forslag til små og store tiltak og aktivitetar.

 

Masterplan Vågåmo - Involvering og prioritering - presentasjon (PDF, 470 kB)

Nokre av desse kan gjennomførast og nokre er ikkje realistiske å få gjennomført enten pga økonomi eller andre faktorar.

At eit tiltak er spelt inn og er med på bruttolista eller du sender den inn på prioriteringslista, betyr IKKJE at den blir gjennomført. Men prosjektgruppa set stor pris på alt engasjementet som har vore hittil i prosessen og håpar det forsett.

I presentasjonen ligg bruttolista med alle tiltak som er kome inn! I innspelsmøtet 1. september rakk vi diverre ikkje å gjennomføre prioriteringsworkshopen, men det er framleis mogleg å få gje sine innspel!

Send oss gjerne innspel på:

  • Gode idear du føler manglar på lista, men som vi bør ha med vidare i prosessen
  • Dei tre tiltaka du meiner og ønskjer at Vågå kommune skal forsøke å prioritere på kort sikt (1-2 år)
  • Dei tre tiltaka du ønskjer at Vågå kommune skal forsøke å prioritere på lang sikt ( 3-5 år)

Send dette på mail til næringskoordinator, live.brimi@vaga.kommune.no