Massevaksinering i Vågåhallen torsdag 06.01.2022

Vi minnar om drop-in massevaksinasjon i Vågåhallen torsdag 06.01.2022, frå kl 14.00-17.00. 

Husk at intervallet mellom 2. og 3. dose skal vera minst 4,5 mnd. (20 veker). Elles vil det vera mogleg for dei som ikkje har fått 1 eller 2 doser å møte opp.

Er du i tvil om eigen vaksinasjonsdato for tidlegare vaksine kan du finne denne ved at du logger deg inn på helsenorge.no

Det blir fleire vaksinasjonar i løpet av januar, følg med på heimesida og facebook eller ring helsesenteret. 

Vågå kommune har ingen nye, kjente smitta i dag. Vi forventar imidlertid noko auke etter juleferie og mykje sosialt samvær. 

Alle ungar i skulen og vaksne innan skule og barnehage er bedne om å testa seg med sjølvtest før dei kjem til første skule-/barnehagedag i morgon.