Litt info frå sektor for helse og meistring

Til deg som brukar (og pårørande) av helsetenester i Vågå kommune!

Det er mykje som skjer i sektoren Helse- og meistring i Vågå om dagen. Vi ynskjer difor å gje dykk eit lite innblikk i noko av det vi arbeider med og for.

Kvardagsrehabilitering:

Kvardagsrehabilitering byggjer på ein grunnleggande tanke om at menneske treng meiningsfulle aktivitetar. Meiningsfulle aktivitetar kan verke helsefremjande og sjukdomsførebyggjande.

Kvardagsrehabilitering er eit tidleg og tidsavgrensa tiltak, normaltsett 4 veker, der opptrening i daglege gjeremål skjer i eiga heim og nærmiljø. Brukaren sine mål er viktige og kvardagsrehabilitering startar alltid med spørsmålet: «Kva er viktige aktivitetar for deg?».

 

Kva skjer i Heimesjukepleia?

- "Smile- prosjekt": i samarbeid med Sjukehuset Innlandet.  Digital heimeoppfølging av Kols pasientar. Her får pasientar oppfylging av sin sjukdom med hjelp av målingar dei gjer sjølve heime.

- "Digitalt sårprosjekt": er i startfasa av eit samarbeidsprosjekt med digital såroppfylging i regi av Sjukehuset Innlandet.

- "Komp- skjermar": Innbyggjarar kan leige ein digital skjerm der brukaren får auka sin sosiale kontakt med familie og venar. Skjermen kan og nyttast av kommunen til  digitale tilsyn.

- "Mobile tryggleiksalarmar/gps": Her kan du etter ei vurdering av kommunen få tildelt alarm som gjer at du kan bevege deg utanfor heimen med tryggleiksalarm.

- "Medisindispensere". Medisinstøtte som varslar når du skal ta medisin. Kan styre dagen meir sjølv og kan vera eit hjelpemiddel for å kunne bu heime lengre.

 

Kva skjer ved Vågåheimen?

TØRN er eit prosjekt i regi av KS, der vi som kommune får bistand på prosess kring omlegging av arbeidsformer og organisering av arbeidsoppgåver. Dette er ein del av "Leve hele livet"-reforma.
Prosjektet utforskar formar og måtar ein kan fordele arbeidet og arbeidstida på, der fokuset er at helsefagleg kompetanse vert brukt til rett tid og på rett stad. Ein arbeider og for heiltidskultur.

TØRN-prosjektet fokuserer på at knapp fagkompetanse må nyttast der den trengs. Sjukepleiarar og fagarbeidarar brukar i dag mykje tid på oppgåver som ikkje krev deira spisskompetanse.

TØRN-prosjektet i Vågå Kommune arbeider i fyrste omgang inn mot Vågåheimen, men ein håpar at ein kan dra nytte av arbeidet ut i dei andre områdane innanfor Helse- og meistring etter kvart. Per dags dato arbeidar vi med å kartlegge alle oppgåver som blir gjort i løpet av ei dagvakt, og avdekker kvar det dukkar opp eventuelle utfordringar. Desse utfordringane må vi da arbeide vidare med og finne løysningar på. Vi ser og på om vi får utført dei naudsynte oppgåvene som vi er lovpålagt å gjera, slik som dokumentasjon og kartleggingar. Vi vil nok
oppleve etter kvart at vi må omorganisere og gjere oppgåver på ein litt anna måte ein tidlegare, da dei naudsynte oppgåvene blir større og fleire på grunn av eldrebølge og meir avansert sjukepleie. Dette på bakgrunn av demografiutvilkling, og oppgåveglidning frå spesialisthelsetenesta.

 

Videokonsultasjon Helse- og meistring og legevakt:

Med bakgrunn i ulike kartleggingar, oppgåvedeling frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta og den demografiske utviklinga i kommunen, er det identifisert eit behov for å "effektivisere" og auke kvaliteten av behandlinga som vert gjeve i kommunen. I den samband har Helse- og meistring søkt og fått midlar til eit prosjekt med videokonsultasjon mellom Vågåheimen, Heimetenesta og legevakt, der ein ser ei gevinstrealisering med både pasient-, tilsette- og samfunnsnytte.

Ved hjelp av beslutningsstøtte via videokonsultasjon med legevakt, er målet at pasienten vil oppleve auka tryggleik og kompetanse gjennom auka samvirke i helseberedskapen. Ein har og som mål at pasienten opplev at denne vert prioritert til rett behandlingsnivå, der ein til dømes kan unngå unødvendig belastning for pasienten gjennom unødvendig innleggelse på sjukehus. Den kliniske nytta for tilsette er mellom anna auka tryggleik, kompetanseheving og auka fokus på tverrfagleg samvirke.

 

Nasjonalt læringsnettverk for Gode pasientforløp

Vågå kommune er med i læringsnettverket "Gode pasientforløp" i Innlandet, der kommunehelsetenester og helseføretak samarbeidar om å styrke fokus på kvalitetsforbetring og samvirke mellom kommuner og helseføretak i heile regionen. Forbetringsteamet i kommunen er tverrfagleg, og arbeider ut frå eit pasientretta fokus: "Kva er viktig for deg?".

Målet med læringsnettverket er å sikre pasienten sine behov for å møte heilheitlege, koordinerte og trygge tenester. I løpet av nettverksperioda (som går over 1 år) skal deltakarane gjennomføre forbetring av pasientforløp i eigen organisasjon og mellom kommuner og helseføretak.

Kontakt

Hanne Stokke Moen
Kvalitetsrådgjevar
Mobil 948 65 287