Kronprinsparet kjem til Vågå torsdag 19. september 2019

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit kjem til Vågå. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff Jørgen Gomnas, Det Kongelige Hoff       

Vi oppmodar alle til å kome til Vågå denne dagen og til å heise flagget til ære for Kronprinsparet.

 

Kvar og når skal vi som publikum møte opp

Vi oppmodar publikum til å møte opp  i Ullinsvin seinast kl 10:10

 

Kl 11:00  Offisiell opning av Galleri Ullinsvin

Kl 11:40  Arne Brimi med lærlingar serverer fingermat

 

Litt praktisk informasjon

Ta med flagg og godt humør! Saman gjer vi dette til ein folkefest.

Det er ikkje tilgjengeleg parkering i Ullinsvin, anna enn for folk med nedsett funksjonsevne. Publikum må parkere i sentrum.