Koronavaksinering - oppfriskingsdose for aldersgruppa 75+

Vågå kommune tilbyr oppfriskningsdose på koronavaksine for aldersgruppa 75 år og eldre, onsdag 10. mai.

Møt opp på helsesenteret frå kl 14.30 – 17.00. Du treng ikkje bestille tid.

Folkehelseinstituttet tilrår vaksinering med ei oppfriskningsdose for aldersgruppa 75 år og eldre, kor det er gått meir enn 6 månader sidan førre dose.

Det blir tilrådd oppfriskningsdose om du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, om du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gjev auka risiko for at koronasjukdommen kan bli alvorleg om du blir smitta.

Behov for ny dose treng du ikkje om du i tillegg til vaksinasjon tidlegare har gjennomgått koronasjukdom. Kombinasjon av gjennomgått sjukdom og vaksinasjon gjev betre beskyttelse enn vaksinasjon åleine og held seg godt over tid.