Korona – informasjon til foreldre om barnehage- og skulekvardagen 

Vi har sett i verk ei rekkje tiltak i barnehagen og  på skulen for å hindre smitte. Trafikklysa med grønt, gult og raudt nivå viser kva for smitteverntiltak som gjeld for skulane for dei ulike nivåa. Det er smittesituasjonen i Noreg som avgjer kva for nivå vi skal følgje.

Det er no beslutta frå sentralt hald at alle skular og barnehagar i Norge skal starte på gult nivå i trafikklysmodellen, uavhengig av smitteomfanget i kommunen.

Vi er i den heldige situasjonen at det er 0 smitte i Vågå og i Nord-Gudbrandsdalen pr no, men vi skal like fullt starte på gult nivå som eit førebyggande tiltak.

Det er trygt for barn å gå på skulen og i barnehagen  

Vi skal sjå til at barnehageborn og elevar har eit trygt og godt kvardagsmiljø. Alle som jobbar i barnehagen og på skulen, skal følgje med på at alle har det bra. Vi skal halde fram med å vere ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Vi er særleg opptekne av: 

  • at ingen skal møte i barnehagen,  på skulen eller SFO dersom dei er sjuke 
  • at alle vaskar hendene før dei kjem i barnehagen og  på skulen 
  • god handhygiene og ekstra godt reinhald i barnehagen og på skulen

Vi har sett i verk ulike tiltak i barnehage og skule for å tilpasse aktivitetane til gult nivå, og rektorane og barnehagestyrarane har utarbeidd eigne informasjonsskriv som omtaler kva for tiltak dei har sett i verk for å tilpasse kvardagen til gult nivå. Du finn detaljert  informasjon om kvar einskild skule og barnehage under.

Elevar som er avhengige av skuleskyss, kan nytte buss eller annan transport for å kome seg til og frå skulen. Elevane bør halde avstand til andre, men det er ikkje noko krav at elevane skal halde éin meter avstand til medelevane, sjølv om dette kravet gjeld for andre reisande. 

 

Opplæringsplikt for alle elevar 

Alle elevar har krav på opplæring, og skulen skal sikre eit godt opplæringstilbod til alle elevar, uavhengig av om smittenivået er på grønt, gult eller raudt nivå. 

Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål

 

Sjå meir detaljert informasjon frå kvar barnehage/skule: