Vi vil høyre frå deg!
No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.
Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:
- to billettar til Gjendebåten
- to årskort til Galleri Ullinsvin
Frist 6. april
Delta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026
Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.
Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:
Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning
