
Karrieredagen samlar arbeidsgjevarar, bransjar og unge arbeidssøkjarar til ein dag full av moglegheiter, gode samtalar og konkrete stillingar du kan søkje på med det same.
Lansering med livesending
Dagen blir også sparka i gang med ei eiga videosending – full av historier, humor og stemning frå kvardagslivet i Nord‑Gudbrandsdalen. Her får du sjå korleis folk i regionen arbeider, bur og trivst, og kvifor så mange vel å satse karrieren sin her.
Stilling- og lærlingeslepp på komtiloss.no
kl 12:00 blir det lansert eit stort felles slepp av ledige stillingar og lærlingplassar i heile regionen.
På komtiloss.no finn du ei samla oversikt over mange ledige jobbar – innanfor mange bransjar og alt frå faste, vikariat til sommarjobbar.
Møt arbeidsgjevarane på Otta
Under sjølve Karrieredagen får du høve til å møte folk som faktisk veit kva jobben går ut på. Her kan du:
- snakke direkte med arbeidsgjevarar
- bli kjent med ulike fag og bransjar
- stille spørsmål om arbeidshøve, lærlingløp og vidare karrieremoglegheiter
- knytte kontaktar som kan bli viktige for framtida di
Arrangementet eignar seg for både ungdom, vaksne arbeidssøkjarar og alle som vurderer nye karrierevegar.
Velkommen!
Karrieredagen er eit samarbeid på tvers av kommunar og næringsliv i regionen, og har som mål å gjere det enklare å finne både arbeidskraft og arbeidsplass i Nord‑Gudbrandsdalen.
Vi sjåast!
Arrangement: Karrieredagen – årets slepp av ledige stillingar og lærlingplassar i Nord‑Gudbrandsdalen
Dato: 4. februar 2026
Stad: Otta