Julehelsing frå Vågåheimen

Tenesteleiar Marianne Stadeløkken ved Vågåheimen kan opplyse at det blir julebord for pasientane 13. desember, der dei kan invitere med seg ein pårørande.

Foto frå julebord på Vågåheimen - Klikk for stort bildeJulebord Vågåheimen Vågåheimen

 

 

Påmelding skjer direkte til kjøkenet innan 11. desember, og det er sett ein pris på kr 100,-. 

Vippsnr er 565983

Julekvelden 2023

På julekvelden blir det messe kl 11.00, etterfølgt av kaffeservering og kanskje kjem nissen. Kl 13.30 blir det middag. Heimebuande ektefelle til Vågåheimen sine pasientar blir inviterte til å eta julemiddag på rommet saman med si ektefelle.

Bukkeball

Elles er bukkeball ein fast tradisjon. Dato og meir informasjon vil bli lagt på heimesida når det nærmar seg.

 

Anna underhaldning gjennom romjula vil bli annonsert på heimesida.

Kontakt

Marianne Stadeløkken
Tenesteleiar Vågåheimen
Mobil 970 29 735