Julegraut og kino i Vågå – ein varm invitasjon frå Vågå kino og prosjektet «Bli hjå oss»

Søndag 9. november inviterer Vågå kino og prosjektet Bli hjå oss i Ottadalen til ein sosial og stemningsfull ettermiddag med gratis julegraut og kino i Vågå kulturhus. Arrangementet er ope for alle, og har som mål å skape gode møteplassar og styrke fellesskapet i Ottadalen.

Gratis julegraut frå kl. 15.00

Vi startar ettermiddagen med gratis julegraut til alle som kjem. Her blir det god mat, god stemning og høve til å slå av ein prat med naboar og nye fjes. Grauten blir servert frå kl. 15:00 i kafeen på kulturhuset.

🎬 Kino kl. 17.00 – Reisen mot Nord – (Hugs å bestill billett)

Klokka 17:00 viser vi den nye norske julefilmen Reisen mot Nord – eit storslått og fantasifullt eventyr for heile familien. Filmen krev billett, og desse kan kjøpast på vanleg måte via Vågå kino.

Om filmen: Reisen mot Nord er basert på H.C. Andersens klassiske eventyr Snødronningen, og fortel historia om Gerda som legg ut på ei modig reise for å redde bestevennen sin Kai. På vegen møter ho både hjelpande og farlege skikkelsar – ein trofast hest, ein klok fugl, ein gut ved namn Sampo og ei heks som tilbyr husrom. Men i det skjulte lurer Snødronningen og lærlingen hennar Ludvig, som held Kai fanga i eit ispalass langt mot nord.

Filmen er regissert av den norske fantasy-forfattaren Bente Lohne, og har fått internasjonal merksemd – blant anna med Pixar-grunnleggaren Ralph Guggenheim på produsentlaget. Med vakker animasjon og sterk forteljarglede er dette ei juleforteljing som passar både små og store.

«Reisen mot nord utmerker seg med sin urokkelige forankring i H.C. Andersens tekst og - ikke minst - ved sin smittende fortellerglede.»
– Johs N. Frandsen, H.C. Andersen-senteret

Om prosjektet Bli hjå oss i Ottadalen

Arrangementet er ein del av prosjektet Bli hjå oss i Ottadalen, som er eit regionalt samarbeid mellom kommunane i Ottadalen. Målet med prosjektet er å styrke tilhøyrsle, trivsel og lokal stoltheit – og å vise fram alt det gode ved å bu og leve i bygdene våre.

Gjennom tiltak som julegraut og kino og andre lavterskel møteplassar ønskjer prosjektet å bidra til at fleire vel å bli verande – eller vel å flytte attende – til Ottadalen. Det handlar om å skape gode møteplassar, styrke fellesskap og løfte fram det unike i området vårt og synleggjere aktivitetar på tvers av kommunane!

Bli hjå oss er for alle – og du er hjarteleg velkomen til å bli med!

Velkomen til ein triveleg ettermiddag med julegraut, film og fellesskap!