Jod-tablettar

Ved ei eventuell atomulykke kan jod-tablettar brukast for å unngå skader som følge av radioaktivt nedfall. Tablettane verkar ved å tilføre kroppen så mykje naturleg jod at opptaket av radioaktivt jod vert blokkert. Dette gjeld i hovudsak barn, unge, gravide og ammande. Personar over 40 år tek i svært liten grad opp jod, og vil difor ikkje ha bruk for jod-tablettar ved ei ulykke.

Ei slik atomulykke er heldigvis lite truleg. Likevel har atomberedskap vorte aktualisert på grunn av krigen i Ukraina.

Kommunen har ansvar for alle under 18 år, samt ammande og gravide.

I tillegg til kvar kommune sitt beredskapslager av jod, så tilrår Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit at kvart hushald har jod-tablettar tilgjengeleg. Det er difor anbefalt at personar under 40 år kjøper seg jod-tablettar som eigen beredskap.

Per i dag er det på grunn av stor etterspørsel vanskeleg å oppdrive slike tablettar på apoteka. Dette vil truleg betre seg etter kvart. Jod-tablettar til bruk ved atomulykker er ikkje det samme som kosttilskot som inneheld jod. Slike kosttilskot førebygger ikkje skader etter atomulykker.

Det vil komme varsel frå myndigheitene om det skulle bli bruk for å ta jod-tablettar.

Det er ikkje hensiktsmessig å ta jod-tabletter før ei eventuell ulykke.