Innspel til kulturkalender

Vågå og Sel skal gi ut ny felles kulturkalender for perioden 1. januar - 31. mai 2018. Har du innspel du ønskjer å få med i kalenderen, meld frå innan 1. desember.

Meldingar som kjem inn etter denne fristen blir ikkje med i den trykte kalenderen, men vil bli lagt på kommunen si heimeside.

Kulturkalenderen vil bli distribuert til alle husstandane i Vågå og Sel, til reiseliv, bedrifter, aviser, Digiposter og media.

Arrangementet bør vere av allmenn interesse, og vi ber om følgjande opplysningar:

  • Namn/tittel på arrangementet
  • Dato/tidspunkt/varigheit
  • Arena/kvar
  • Arrangør
  • Andre opplysningar som kan vere av interesse

Vi ber om at attendemeldingar på arrangement blir sendt: Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på epost til stein.holen@vaga.kommune.no