Innføring i skogbruk – gratis kurs i Nord-Gudbrandsdalen

Prosjekt skogsatsing i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen, landbrukskontoret i Lom og Skjåk, landbrukskontoret på Lesja/Dovre og Nord-Gudbrandsdal skogeigarområde inviterer til Aktivt Skogbruk-kurset Innføring i skogbruk.

Kurset er gratis og ein del av ei satsing for å få fleire skogeigarar til å sjå moglegheitene som ligg i aktiv forvalting av eigen skog.

Om kurset

Kurset er todelt:

Del 1: Innandørs dag/kveldskurs
Del 2: Skogdag utandørs til sommaren

På skogdagen blir ulike spørsmål og aktuelle skjøtseltiltak diskuterte i praksis. Det er mogleg å delta på skogdagen utan å ha vore med på dag/kveldskurset.

Tid og stad:

Den første delen blir arrangert to stader i Nord-Gudbrandsdalen:

Kurs 1

  • Kommunestyresalen i Lom
  • 25. februar
  • kl. 10:00-14:00

Kurs 2

  • Kommunestyresalen på Lesja
  • 25. februar
  • kl. 17:00-21:00

Maks 15 deltakarar per kurs. Skogeigarar frå Vågå kan også delta på kurset.

Målgruppe

Vi ønskjer spesielt å nå nye skogeigarar som ønskjer meir kunnskap om skogbruk. Kurset gir eit betre grunnlag for å utføre og administrere arbeid i eigen skog.

Det er ingen krav til forkunnskapar. Alle som ønskjer meir kunnskap om forvalting av skog, er velkomne.

Aktuelle tema for kurset

  • Skogbruksplanen som verktøy
  • Forvaltaransvar og skogpolitikk
  • Andre næringsmoglegheiter baserte på ressursane på eigedomen
  • Fleirbruksomsyn og skogstandard
  • Skogens utviklingsfasar og skogbehandling
  • Skogbrukets aktørar – kvar skogeigarar kan søkje råd og kompetanse
  • Skogfondsordninga
  • Tømmerverdi og tømmeromsetjing

Påmelding

Påmeldingsfrist: måndag 16. februar

Påmelding sendast til: hallvard.helland@vaga.kommune.no

  • Hugs å skrive kva for kurs du vil delta på.

Dersom datoen ikkje passar, men du er interessert, er det fint om du melder frå.