INNBYGGJARMØTE VEDRØRANDE UKRAINA OG MOTTAK AV FLYKTNINGAR I VÅGÅ Vågå kulturhus tysdag 22.mars kl. 18.00

Vågå kommune set pris på alle som har meldt seg å vil stille husvære og andre ressursar til disposisjon, og ynskjer i informasjonsmøte gå gjennom korleis vi planlegg for denne situasjonen.

I samband med at Vågå kommune har sagt seg viljuge til å ta imot eventuelle flyktningar frå Ukraina, ynskjer vi å samle alle som ønskjer å hjelpe til med ulike ting til eit fellesmøte, for å få ei felles forståing og for at vi alle skal møte flyktningane i lag på ein best mogleg måte.

Emne vi kjem innom:

  • Husly
  • Klede
  • Transport
  • Arbeid
  • Fritid
  • Mat
  • Helseundersøking
  • Barnehage og skule
  • Spørsmål og innspel

 

Beste helsing Vågå kommune