Informasjonsmøte i samband med nytt faresonekart frå NVE

Vågå kommune har fått nye faresonekart frå NVE som viser korleis ein framtidig storflaum i Finna og Nugga vil kunne påverke sentrum. 

Karta er ein del av ein større rapport som er utarbeidt i forbindelse med planleggingsarbeid for sikring av Vågåmo sentrum, som NVE nå er i gang med. Vi veit at det er stor interesse blant folk i Vågå om dette og vil derfor be inn til informasjonsmøte i Vågå kulturhus torsdag 3. februar kl. 19.00.

  • Velkommen ved ordføraren
  • Presentasjon av sikringsprosjektet som NVE er i gang med å planlegge
  • Presentasjon av utdrag frå rapporten og nye faresonekart
  • Orientering om prosessen vidare
  • Evt. spørsmål frå de frammøtte

 

Enkel servering

Velkomne.