Informasjon og tilbod om førebyggjande heimebesøk i Vågå kommune   

Vi veit at dei fleste 75-åringar stort sett er aktive og har gode kvardagar. Det kan likevel oppstå uforutsette ting og vi ønskjer at du kan vera i forkant av dette.

Vågå kommune har ei lovpålagt plikt om å drive førebyggjande og helsefremjande arbeid. Førebyggjande heimebesøk er eit nyoppretta og varig tilbod med mål om å førebyggje funksjonssvikt og bidra til at innbyggjarane skal klare seg lengst mogleg i eigen heim. 

I Vågå kommune blir dette gjeve som eit tilbod til alle frå 75 år og oppover.
Du behøver ikkje vere sjuk eller ha behov for tenester for å ta imot besøk.
Ei helsefremjande samtale vil ta utgangspunkt i kvar enkelt sin ståstad. Vi kjem innom område som trivsel, kosthald, tilrettelegging og planlegging av alderdom/bustad, brann- og fallførebygging med meir.

Heimebesøket er frivillig og vil bli gjennomført av fysioterapeut Hege Bestum eller folkehelsekoordinator Mona Sveen. 

Vi kan bistå med råd, veiledning og informasjon om ting som kan ha betyding for din kvardag, livskvalitet og di helse. Du kan også få informasjon om kommunen sitt offentlege og private tilbod og vi svarar så godt vi kan på eventuelle spørsmål du har.

Kommunen sine tilsette har teieplikt i forhold til opplysningar som kjem fram under heimebesøket. Besøket blir kort dokumentert etter besøket etter samtykke frå deg.

Vil du ha besøk ?

Ta kontakt med ein av oss :   
Mona Sveen, folkehelsekoordinator, tlf.nr 99 69 38 18           
Hege Bestum, fysioterapeut, tlf.nr 95 48 22 65                              

Kontakt

Hege Bestum
Fysioterapeut for barn og ungdom
Mobil 954 82 265

Barnekoordinator

Mona Sveen
Folkehelsekoordinator
Mobil 996 93 818