Informasjon frå skatteetaten

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunane har i dag. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen finst ikkje lengre skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Meir informasjon vil bli lagt ut etter kvart her og på skatteetaten.no.

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november inkluderer m.a. behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.