Influensavaksinering for alle over 65 år og yngre med underliggande sjukdomar

  

Influensavaksinering for alle over 65 år.

Barn og vaksne under 65 år med underliggande sjukdom. Helsepersonell som har kontakt med eldre/sårbare grupper i behandling og pleie.

Stad: Vågåhallen

Onsdag 27. oktober kl. 0830 – 1300

Onsdag 10. november kl. 1130 - 1500

Vaksinasjonen er gratis for desse gruppene

Vi har ikkje vaksinasjon for andre desse to dagane.

Hugs at du må vente 20 minutt etter at du har fått vaksine.

Vaksine mot influensa beskyttar mot fleire ulike influensavirus. Influensavaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar som også kan gje influensaliknande symptom. Vanlege influensasymptom er feber, muskelsmerter, hodepine, påverka allmenntilstand og turrhoste. Influensa varer oftast i sju til ti dagar. 

Personar i risikogruppa bør ta vaksine mot influensa kvart år. Effekten av vaksinen avtek også over tid. Det tek 10-14 dagar frå vaksinen blir satt til du kan forvente effekt.  For å få best mogleg verknad bør ein vaksinere frå oktober til desember, men ein har nytte av vaksinering så lenge det er influensa i omløp.

  • Desse er i risikogruppa under 65 år: Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjerte- og karsjukdom (annet enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personer med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndromer og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)
  • Personer som bor sammen med (eller er tilsvarande nære)personer som er immunsupprimerte