Hytte og tilflyttartreff

Vågå kommune har gleda av å invitere hytteeigarar, deltidsinnbyggarar, nye og «gamle» innbyggjarar som ønskjer eit større nettverk, til ein sosial treff på Bessheim Fjellstue fredag 1. juli kl. 17.00.

Programmet er under arbeid, men det blir informasjon frå fleire næringsaktørar i Vågå om kva dei kan tilby av aktivitetar og tenester. I tillegg blir det kulturelle innslag. Sett av tidspunktet, så kjem det meir informasjon.

Det vil også bli anledning til uformell prat med ordførar, representantar frå Vågå kommune og næringsdrivande.

Det vil bli servert suppe i tillegg til kaffe og biteti!

For at vi skal få litt oversikt over matbehovet, så set vi pris på at dykk meldar dykk på via epost til næringskoordinator Live Brimi