Husvære til flyktningar frå Ukraina

Flyktningestraumen frå Ukraina er enorm, som følgje av dei russiske krigshandlingane i landet.

På nasjonalt plan blir det arbeidd med planar for mottak av flyktningar, og Vågå kommune vurderer også ulike moglege alternativ for å kunne ta imot flyktningar. Samstundes veit vi at det er mange som ønskjer å hjelpe, og difor kan private som har ledig, eigna husvære som dei kan tenkje seg å tilby til flyktningar, melde dette inn til servicetorget i kommunen (tlf 61 29 36 00). Vi vil ut frå dette halde ei oversikt over og kunne koordinere aktuelle husvære.

Alle flyktningar som evt vil komme til Vågå, vil bli følgt tett opp av fagpersonar.