Helsesenteret stengt for ordinær drift fredag 14. juni 2019, men ope for akutt hjelp

I samband med rutineprøver av vatnet hos kommunetannlegen i Vågå vart det gjort funn av legionellabakterier i vatnet. Fylkestannlegen i Innlandet og Vågå kommune har tatt tak i saken, og det er iverksett tiltak for å sanere problemet. 

Kommuneoverlege Gulleilk Riksaasen melder at situasjonen ikkje er dramatisk. For å finne meir ut av omfanget vart det tatt prøver frå resten av Helsesenteret samt Vågåheimen. På Vågåheimen er det ikkje funn av legionella, men på helsesenteret er det funne legionella i prøvene. 

Det er planlagt behandling av vatnsystemet på helsesenteret førstkomande fredag, 14. juni. Det er eit firma frå Oslo som skal gjennomføre dette og helsesenteret vil difor vere stengt for ordinær drift denne dagen, i og med at vatnet blir heilt avstengt på helsesenteret i samband med arbeidet.

Legionella er ei ganske vanleg bakterie i vatn og er rekna som lite sjukdomsbringande, seier komuneoverlegen. 
Det vil seie at den ikkje blir oppfatta som farleg for vanleg friske menneske. Det er ikkje farleg korkje å drikke vatnet eller vaske seg i det. For dei med svekka helse/svekka immunsystem er det farleg å puste inn aerosol/vanndamp med legionella bakterier, men helsesenteret har ikkje bakterien i ventilasjonssystemet, berre i vatnet.  

Tannlegedrifta vil gå som vanleg, men behandling av helsemessig svekka personar vil ikkje bli gjort før behandling av vatnsystemet er gjennomført. Det vil seie transplanterte, personer med cellegiftbehandling eller personar med dårleg immunsystem av anna grunn.  

Helsesenteret vil drive som vanleg til og med torsdag. For dei som har spørsmål rundt dette, er det berre å ta kontakt med Vågå helsesenter på tlf 61 29 37 00. 

Vågå kommune følgjer nøye opp og understreker at det ikkje er funne legionellabakterier i noko av vatnet som er levert frå kommunen sine vassverk.