Har du ledig husvære (leilegheit, hytte, rom) i sommar?

Vågå kommune treng mange ferievikarar til å arbeide i sommar og ser difor etter ledig husvære for nokre av vikarane våre.

Har du noko ledig i perioden 12. juni - 13. august?

Da set vi pris på om du om tek kontakt med servicetorget; postmottak@vaga.kommune.no, tlf 61 29 36 00. Opplys gjerne om type husvære, adresse, pris og perioden det er ledig.

Hittil har vi fått fleire ferievikarar i helse og meistring som har behov for husvære. Så om du har noko du meiner kan vere interessant, så må du ikkje nøle med å ta kontakt.