Har du hugsa å byte batteri i røykvarslaren?

1. desember er Røykvarslardagen og ei påminning om at du bør sjekke eigne røykvarslarar og sjå til at dei fungerer.

Tysdag 4. desember, frå kl 11.00 og utover, kan du treffe Vågå brannvesen og lokalt el-tilsyn (Eidefoss) på stand på Coop Mega. Dei kan gi gode råd om brannførebygging og vil dele ut batteri til røykvarslarar (så langt dei har).

Desember og januar er dei to månadene i året med flest brannar, viser statistikken.

Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalamanlegg, og du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast høgt og tydeleg på oppholdsrom og soverom, også når dørane er lukka.

Seriekobla røykvarslarar aukar tryggleiken, og kan gi deg litt ekstra tid til å evakuere om ein brann skulle oppstå.