Har du fritidsbustad i Vågå? Vi vil gjerne høyre frå deg - Vågå kommune

Har du fritidsbustad i Vågå? Vi vil gjerne høyre frå deg

Nord‑Gudbrandsdalen arbeider no med å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. I dette arbeidet spelar fritidsbustadeigarane ei viktig rolle. De bidreg både som brukarar av området og som ein del av lokalsamfunnet – og erfaringane dykkar er sentrale når vi skal utvikle regionen vidare.

Vi ønskjer betre innsikt

For å få meir kunnskap om korleis fritidsbustader i regionen blir brukt, og kva som fungerer godt eller kan bli betre, inviterer vi no alle som har fritidsbustad i Vågå til å svare på ei kort undersøking.

Vi håpar du set av nokre få minuttar til å dele dine erfaringar. Svara vil gi eit solid grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig reiseliv og gode løysingar for både lokalsamfunn og fritidsbustadeigarar.

Delta i undersøkinga

Ved å svare blir du òg med i trekninga av flotte premiar:

  • Gåvekort på 1500 kroner hos Sjoa Rafting
  • 2 billettar til Gjendebåten

 

Fritidsboligundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/fritidsbolig2026

 

Takk for at du bidreg med kunnskap som er viktig for framtida til Nord‑Gudbrandsdalen!

Meir om ordninga berekraftig reisemål kan du lese her: Merket for berekraftig reisemål