Ha ei brannsikker påske

Hyttebrannar er dessverre alt for vanleg i Norge. Med enkle grep kan du redusere risikoen for at brann oppstår.

Funn og andre fakta som gjeld hytter i Norge:

  • 15.000 hytter manglar slokkeutstyr
  • 8.000 hytter manglar røykvarslarar
  • Det brenn i overkant av 1.000 hytter årleg i Norge
  • Feil montering, mangelfullt vedlikehald og feil bruk av pipe og eldstad er den klart vanlegaste brannårsaken ved hyttebrann
  • Handverksmessig eigeninnsats er normalt vesentleg større på hytter enn i ordinære bustader. Dette kan gi større fare for brann
  • Mange hytter ligg utanfor allfarveg, noko som ofte medfører lengre utrykningstid for brannvesenet 
  • Alle hytter skal ha minst éin fungerande røykvarslar i kvar etasje, i tillegg til eit godkjent brannslokkeapparat eller ein husbrannslange. På hytta må vi som brukarar sjølv vere førebudd på å slokke ein eventuell brann

 

Sjekkliste for branntryggleik på hytta:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta blir brukt
  • Ha alltid ekstra batteri i reserve
  • Gå aldri frå levande lys
  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ
  • Deponer og kast askeavfall på ein forsvarleg måte
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
  • Vær ekstra varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slanger jamnleg
  • Sørg for rikeleg tilgang til slokkeutstyr
  • Bruk godkjent fagfolk til utbetringar som krev dette

Kontakt

Pål Øygarden
Økonomikonsulent
Mobil 911 70 717