Gode vagvere!

«Det vart ei rar tid!» Dette er ei setning mange av oss har brukt i samtale med andre den siste tida. Vi har dei siste tre vekene opplevd at den kvardagen vi kjenner har blitt totalt endra. Skular og barnehagar er stengt, heimekontor er for mange den nye arbeidsdagen, andre er permittert i desse dagar og det sosiale livet er redusert til eit minimum.

Vi ønskjer å takke alle innbyggjarane våre som i lag står på og gjer det beste ut av situasjonen. De har på imponerande vis kasta dykk rundt og tilpassa dykk eit daglegliv vi ikkje hadde sett for oss eller er vane med. Det er eit krafttak vi står i og skal stå i ei tid framover – der vi alle må bidra.

Takk til alle som ikkje kan ha heimekontor, og utfører viktige samfunnsoppgåver så vi har eit helsetilbod, hjelper dei som har behov for ekstra omsorg, sørger for at vi får varer inn i bygda, held butikkane opne, gir oss informasjon gjennom media og alle som jobbar innanfor funksjonar som må gå så vi kan halde samfunnet i gang. Takk til alle med heimekontor som er med og held si bedrift i gang. Takk til gardbrukarane som produserer mat til oss. Takk til alle i barnehage og skule som tek vare på ungane til dei som har foreldre som ikkje kan vera heime på grunn av jobben. Takk til tilsette i skulane som kasta seg rundt og raskt var i gang med digital undervisning. Takk til alle barnehageungar og skuleelevar som har teke fjernundervisning og heimetilværet på strak arm. Vi veit det er mange som saknar venene og tryggheitspersonane sine i barnehage og skule.  Takk til alle som  hjelper til med småsøsken slik at alle i heimen får gjort sin del av skulearbeid og arbeid. Takk til alle foreldre som balanserer aktivisering av barn, hjelper til med skulearbeid og sjølve utfører ein jobb frå heime. Takk til alle som gjer ein friviljug innsats, tek ein telefon til den som sit åleine, handlar for den som ikkje kan gjera det sjølv og er den som lysar opp dagen for andre. Takk til alle som følgjer retningslinene frå FHI  - vaskar hendene ofte, held avstand i møte med andre, hostar og nys i papirlommetørklede eller i armkroken, handlar berre det de treng så det blir nok til alle, held seg heime og elles gjer det beste ut av situasjonen.

Takk for at de held hovudet kaldt og hjartet varmt – vi treng det i denne tida der mange er utrygge, opplever frykt og uro på grunn av situasjonen.

Ja, det vart ei rar tid – men det går over, og om ei tid vil vi vera attende i den normale kvardagen. Men, fram til da – TAKK for innsatsen så langt og i tida framover.

Helsing kommuneleiinga