Gode hytteeigarar i Vågå

Det har for mange av oss vore ein etterjulsvinter som vil bli hugsa lenge. Tida ein måtte halda seg heime grunna ein verdsomspennande pandemi. Vi håper det står bra til med dykk.
 

 Vågå kommune har heile tida fulgt anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og Regjeringen og ikkje lagt eigne begrensingar på korkje ferdsel eller overnatting. Da hytteforskriften kom, med forbod om overnatting på fritidseigedom utanfor eiga kommune, vart det klart at mange ikkje kan koma til oss som planlagt ei tid framover.

Denne situasjonen må ein berre ta til etterretning, men skjønner at det er leit å ikkje kunne nytta fritidsbustaden spesielt nå i påska.

Vi ser fram til å ynskje dykk velkomne attende slik at vi kan dele fjell og Vågåkultur når alt kjem attende til det normale. 

Hald dykk friske så sjåast oss om ikkje for lenge.

Med helsing frå alle i Vågå 
Harald Sve Bjørndal, ordførar