Frivilligmesse i Vågåhallen 6. og 7. september 2024

Minnar om frivilligmessa som skal vera i Vågåhallen 6. og 7. september for å syne fram kva aktivitet dei ulike lag og organisasjonar i Vågå har, samt  kanskje rekruttere nye medlemar? Påmelding til Mona Sveen på e-post: mona.sveen@vaga.kommune.no

Frivilligmessa pågår fredag kl. 12.00-15.00 og laurdag kl. 11.00-15.00. Skulane og vaksenopplæringa kjem fredag i skuletida.  

Det vil bli servering til alle som møter. 

 Vi riggar hallen med stands fredag morgon til kvart lag som er påmeldt. Flyer til utfylling får de på e-post, vi kan bistå med å kopiere opp til kvar stand. Dette må gjerast på førehand før messa.

Vi set opp ein plan for musikkinnslag på tribuna etter kvart når vi ser kven som ønskjer å delta.

Om ikkje alle lag kan stille på båe dagar, kan det kopierast opp informasjon og leggjast på stand til laget.