Frisk i Vågå

“Frisk Vågå” er eit lågterskeltilbod som har vore i Vågå i nokre år, og der mange alt er med. Formålet er å nå fram til dei som ønskjer å gjere endringar i forhold til fysisk aktivitet og eiga helse, og som slit med å få til dette på eiga hand. Aktiviteten kan deltakarane sjølve vera med og påverke. Tiltaket er gratis for deltakarane. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle nye deltakarar vil få ei oppstartssamtale/kartleggingsavtale og ein plan for aktivitet, der vi pratar om motivasjonen for endring.  Aktivitetar er svømming, turgåing, lett styrketrening, kurs m.m.  Vi har m.a svømming/bading i kulturhuset kvar måndag kl. 14.00-15.00.
Desse passar ikkje Friskliv i Vågå for:

  • alvorleg psykisk sjuke
  • dei som allereie er i mykje fysisk aktivitet i dag
  • dei som skal innom rehabilitering etter t.d. opphald på sjukehus

 

Det  blir teke inn nye deltakarar fortløpande. Det skal vera eit tilbud med kort ventetid i forhold til samtale og aktivitet, og er eit lågterskeltilbod. Du kan delta når det passar deg. 

Vi har journalplikt og teieplikt.

Folkehelsekoordinator Mona Sveen er koordinator og Unni Høiby er kontaktperson hjå Skrotten. Unni vil også vera den som stort sett står for opplegget med aktivitet.

Deltakar blir du ved å få “henvisning” frå lege eller Nav, eller ta kontakt med Unni på tlf 90 87 17 34. Bli med, da vel! :)