Framleis redusert opningstid ved frivilligsentralen

Vågå Frivilligsentral har framleis redusert opning for aktivitetar. Det inneber at vanleg kafèdrift tysdag og fredag, samt småbarnskafeen, ikkje blir opna før august. 

Det same gjeld og for møte og aktivitetar på kveldstid.

Frivilligsentralen har i samarbeid med biblioteket utkjøring av lånebøker til eldre og uføre som ikkje kjem seg til biblioteket. Fyrste onsdag i månaden har vi ein frivillig som køyrer ut bøker. Ta kontakt med biblioteket for lån av bøker .

Når det gjeld hørselshjelp som Vågå Hørselslag bidreg med, kan dette avtalast på telefon :
Frivilligsentralen  tlf. 99 04 12 80 eller 48 26 37 61. 

Vi ønskjer alle gjestar og frivillige ein god sommar, med håp om at vi til hausten kan møtast att.
Ta godt vare på deg sjølv og dei rundt deg.

Frivilligsentralen er sommarstengt veke 28,29,30 ,31