Framleis forbod mot open eld

I går og i natt kom det litt regn, men på langt nær nok og for spreidd til å dempe skogbrannfaren betrakteleg. Forbodet mot å gjere opp eld og open brenning er difor framleis gjeldande.

Det som er omfatta av forbodet i Vågå:

  • Alle typar open eld eller bål i eller i nærleiken av skog og anna vegetasjon. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill
  • Alle typar av open brenning av kvist, halm, trevirke og anna virke i landbruket, anna næring eller hos private
  • Skytebana er stengt

Forbudet er gjeldande for heile kommunen og gjeld inntil det blir oppheva.

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Brannsjef og feiar
Telefon 61 29 36 85
Mobil 913 46 044