Forureina drikkevatn frå Vågåmo vassverk

Det er avdekt ei urein prøve i drikkevatnet frå Vågåmo vassverk, og det er iverksett ekstra kloring. Abonnentar som er direkte berørt har motteke kokevarsel på SMS.

Har du ikkje motteke kokevarsel, kan vatnet nyttast som normalt.

Det er teke nye prøver av vatnet i dag, som er sendt til analyse. Svar på desse prøvene får vi fredag og ny oppdatering vil komme då.

Vakttelefon for vatn og avlaup: 41 69 49 15