Forprosjekt Nord-Gudbrandsdal friluftsråd

Ei arbeidsgruppe med representantar frå alle dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdal, saman med Regionrådet, har fått i mandat å lage ein rapport om korleis vi kan etablere eit interkommunalt friluftsråd i regionen.

Forprosjektet skal kartlegge status og utfordringar knytt til friluftslivet i kommunane, vurdere organisering av eit friluftsråd, definere arbeidsoppgåver, stillingsomfang og finansiering.

Innspel til arbeidet

For at vi skal få eit bredt og variert nok grunnlag til å skrive ein rapport, ønskjer vi innspel fra alle som har interesse og brenn for friluftsliv. Dette gjeld enkeltpersonar, lag, foreiningar, næringsliv, kommunar eller andre grupperinger.

Det er ønskjeleg at de kjem med innspel på målsetting for eit friluftsråd, organisering, kva eit friluftsråd skal jobbe med, kven vi bør samarbeide med og kven eit friluftsråd bør vere for. Les meir om friluftsråd på www.friluftsrad.no

 

Frist for attendemelding er 20. juni 2019. Innspel kan sendast på epost til: stian.hoglien@regionkontoret.no 

 

Arbeidsgruppa i forprosjektet for Nord-Gudbrandsdal friluftsråd har denne samansettinga:

  • Kari Hånsnar, Skjåk kommune
  • Trond Byre-Haakensen, Lom kommune
  • Mona Sveen, Vågå kommune
  • Mette Josten, Sel kommune
  • Steinar Tolf Jacobsen, Dovre kommune
  • Sonja Mathisen, Lesja kommune
  • Stian Høglien, Regionrådet Nord-Gudbrandsdal