Forbod mot fossil olje til oppvarming frå 1. januar 2020

Stortinget har vedteke at det skal innførast forbod mot bruk av mineralolje (fossil olje) til oppvarming av bygningar i Norge. Fossil olje vil seie fyringsolje, parafin og liknande.

Føremålet med ny forskrift er å redusere utslepp av klimagassar frå oppvarming av bygningar, samtidig som omsyn til forsyningssikkerheita blir ivareteke.

På nettsidene oljefri.no finn du mykje relevant informasjon om temaet

Det er mange som ikkje har planlagt kva dei skal gjere med sine oljebaserte varmeanlegg. Har du ein oljefyr, oljekamin, parafinomn eller liknande og fyrar med fossil olje, må du altså finne alternativ oppvarming innan 2020.

Det er framleis lov å fyre med biofyringsolje/biofyringsparafin.

Til å erstatte oljefyring finst det ulike alternative løysingar som varmepumpe, elektrisitet, bioenergi og solenergi.

Nedgravne oljetankar

Nedgravne oljetankar representerer ei aukande kjelde til ureining i grunnen. Ein stor del av tankane er ståltakar lagt ned på 1960- og 1970-talet. Tankane og tilknytt røyrsystem blir utsett for både innvendig og utvendig korrosjon. Dei mest alvorlege problema oppstår ved forureining av grunn og vassressursar ved lekkasjar frå slike tankar.

Ditt ansvar som eigar av oljetank

Det er eigar av bygget som er ansvarleg for oljetanken og for å sikre at tanken er i forsvarleg stand. Eigar er også ansvarleg for skader ein oljelekkasje vil medføre om tanken har lekkasje. Det er berre gjennom tilstandskontrollar ein kan avdekke om oljetankar som er nedgravne (med tilhøyrande røyr og leidningar) er i forsvarleg stand. Tilstandskontroll av oljetankar skal utførast av personell med kunnskap til å vurdere tilstanden på tanken og hyppigheita avheng av type tank.

Oljetankar som ikkje er i bruk

Oljetankar som er teke ut av bruk inneheld restolje. Difor utgjer oljetanken framleis ein risiko for forureining sjølv om den ikkje lenger er i bruk. Oljetankar som permanent blir teke ut av bruk, skal tømast og reingjerast av autorisert firma før den blir gravd opp og levert til godkjend mottak.

Kan oljetanken bli liggande?

Har du oljetank som ligg under terasse, berande konstruksjon og liknande, og det vil bli svært vanskeleg å få den opp, kan du søkje kommunen om å få sleppe å fjerne tanken. Får du innvilga søknaden, må tanken tømast, reingjerast og fyllast med grus eller andre naturlege masser.

Meldeplikt

Huseigar plikter å melde frå til kommunen om oljetanken blir teke ut av drift eller skal fjernast. Vågå kommune v. teknisk sektor skal ha skriftleg melding.

Du kan bruke dette skjemaet til å sende inn melding (pdf) (PDF, 41 kB)

 

Lover og forskrifter: