Feiing og tilsyn blir no varsla på SMS

Meldingar om feiing og tilsyn vil no bli sendt på SMS, i staden for at det blir køyrd ut lappar med bil.

Bakgrunnen for overgangen er at det er både dyrt, tungvint og lite miljøvennleg å køyre ut lappar med varsel om feiing/tilsyn med bil på førehand. 

Også med SMS-varsling vil du bli varsla 1-2 dagar før feiing/tilsyn, men det nye systemet vil gjere det enklare både for deg som huseigar og for feiar å varsle om ting som måtte skje som gjer at feiing eller tilsyn ikkje kan gjennomførast. Du som huseigar kan gje attendemelding direkte, via ei lenke i SMS'en, om tidspunktet passar eller ikkje, og feiaren kan raskt varsle frå ved avlysning ved t.d. sjukdom. 

I meldinga du mottek på telefonen vil det og stå kva du må ha klart til feiaren kjem.

Etter at feiing eller tilsyn er gjennomført, vil du også få ei kvittering på SMS.

Kan vi nå deg?

For at vi skal kunne nå deg med melding, er det viktig at telefonnummeret ditt er "kjent" for systemet. Det er to ulike registre som blir nytta for å nå deg som innbyggjar

1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

I dette felles nasjonale kontaktregisteret vil vi råde deg til å leggje inn både mobiltelefon og epostadresse, då mykje av kommunikasjonen frå det offentlege vil foregå her i framtida. Du kan sjekke di eiga oppføring ved å gå inn på adressa over.

2. www.varslemeg.no

Dette er eit tilleggsregister der du kan registrere så mange nummer du vil pr adresse. Har du t.d. hemmeleg nummer, vil du ikkje automatisk motta melding. Om du ønskjer å få melding, kan du registrere deg via lenka over, og krysse av for hemmeleg nummer.

Når startar dette?

Meldingar om tilsyn vil frå no bli sendt på SMS, medan varsel om feiing vil ta til frå 23. april, då feiesesongen tek til.