Fakta om samfunnsplan, arealstrategi og planoppstart for arealdelen

Kommuneplanens samfunnsdel, arealstrategi og planoppstart for revisjon av arealdelen er no ute på høyring. I nyheitsbrevet finn du ei kort forklaring på innhaldet i planane og kva dei betyr for framtidig utvikling av Vågåsamfunnet.

Nyheitsbrevet, som er sendt ut frå næringsavdelinga, gir ei kort og oversiktleg forklaring på kva dei ulike dokumenta handlar om, og kvifor desse planane er sentrale for utviklinga av Vågå dei komande åra. Målet er å gjere informasjonen enklare å forstå, og å gi både næringslivet og innbyggarar eit betre grunnlag for å kome med innspel.

Du kan lese nyheitsbrevet her:
https://regionkontoret.mailmojo.no/m/533438

Får du ikkje nyheitsbrevet i innboksen?

Dersom du ønskjer å motta nyheitsbreva frå næringsavdelinga direkte på e‑post, kan du ta kontakt med oss. Vi legg deg gjerne til på mottakarlista.

 

KI generert bilde KI