Fagkveld om lisensfelling og jerv

Tysdag 31. mai blir det invitert til fagkveld om lisensfelling og jerv. Møtet er i Vågå kulturhus kl 19.00.

Alle lisensjegarar og andre jerveinteresserte blir med dette inviterte til fagkveld om jerv.

Målet med møtet er todelt:

  1. Auka kunnskap og motivasjon mot lisensjakta
  2. Vurdering av plassering av jervebåsar og innkjøp av nye båsar

Lars Gangås og Espen Bøe frå SNO held foredrag om jerv.

I samband med prosjektet "Berekraftig sameksistens med sau og jerv i utmark" er det nå laga eit elektronisk kart over Norddalen, der jervebåsar og åter er markert. Vi ønskjer å møtast for å ta ein open diskusjon om båsane og åtene står på dei mest gunstige plassane, og samtidig vurdere om det er behov for fleire båsar. Lars og Espen bidreg i diskusjonen.