Er du mellom 18 og 34 år?

Plakat med invitasjon til digital workshop i samband med De unges perspektivmelding i Innlandet - Klikk for stort bildePlakat invitasjon til workshop Høgskolen i Innlandet

De unges perspektivmelding inviterer til ein ny runde med digitale workshops tysdag 19. september og onsdag 18. oktober kl. 18.00-20.00. Kva er viktig for deg der du bur?

De unges perspektivmelding ønskjer å involvere unge vaksne (18- 34 år) i samfunnsutviklingsdebatten og få auka kunnskap om kva som er viktig for unge vaksne med tilknytning til Innlandet når det gjeld valg av bustad, utdanning, jobb, fritid og livsstil. Innspela skal bli videreformidla til beslutningstakarane i Innlandet.

Tilknytning til Innlandet

Så: har du budd i Innlandet, vil du bu i Innlandet, bur du i Innlandet og er du mellom 18 og 34 år? Meld deg på workshop anten den 19. september eller den 18. oktober

Frist for påmelding er 17. september. Du vil få tilsendt ei påloggingslenke etter påmelding.

Meir informasjon om De unges perspektivmelding